Arbeidssenteret er eit arbeidsretta aktivitetstilbod ved Movia, avd. Sandane vart etablert i 2008 i eit samarbeid mellom Gloppen Kommune og tidlegare Mona Vekst AS. Her arbeider personar som ved god tilrettelegging og oppfølging utfører ulike arbeid og aktivitet i løpet av arbeidsveka.

Hovedmålsetjinga vår er at du som arbeider her skal: 

  • Få oppleve meining og meistring i kvardagen.
  • Få vere kreative, skapande og produserande
  • Få vere ein del av eit godt og trygt sosialt fellesskap

Produkta vi leverer og produserar kan vi stolt kan vise fram. Du finn blant anna produkta vi lagar i vår eigen butikk på avd. Sandane og hos Bakar Jon på Byrkjelo. Vi har også Tennbriketttralle hos Coop Extra Sandane og Norli Sandane.

Ønskjer du å søkje arbeid her, eller kjenner du nokon andre som ønskjer det? Ta kontakt med Gloppen kommune, som handsamer søknaden og tildeler plass.