Arbeidsførebuande trening (AFT) 

Dette er eit tiltak for personar som har behov for eit skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø i ein oppstartsfase før dei går over til arbeidstrening i ordinært arbeidsliv. Når ein deltek i tiltaket AFT får ein opplæring eller tilrettelagt arbeidstrening og oppfølging med mål om å skaffe arbeid.  Tilbodet vert gjeve til personar som har fått nedsett arbeidsevna si, og som har behov for arbeidsretta bistand for å kome i arbeid. Det er NAV som søkjer inn i tiltaket.  

Innhaldet i tiltaket er avklaring og kartlegging av arbeidsevna, arbeidsutprøving for å styrke moglegheitene til å skaffe arbeid, kartlegging av kompetanse, karriererettleiing og tilrettelagt opplæring som kan legge til rette for eit yrkesfagleg løp. 

Varigheita på tiltaket skal tilpassast behova deltakar har på arbeidsmarknaden, men kan ha ein varigheit på inntil eitt år, med moglegheit for forlenging med ytterlegare eitt år.