HELT MED

Stiftelsen HELT MED jobbar med å opprette arbeidsplassar for menneskjer med utviklingshemming, utviklingsforstyrringar og lærevanskar.  Movia er samarbeidspartnar og har ansvaret for oppfølging av arbeidstakarar og arbeidsgjeverar i Nordfjord.

Visjonen til HELT MED er at menneskjer med utviklingshemming skal:

  • Få same moglegheit til å velje mellom jobbar dei er interessert i
  • Oppleve at dei gjennom deltaking i arbeidslivet er inkludert og deltakande i samfunnet, på lik linje med andre
  • Oppleve at dei er til nytte for andre 

HELT MED er landsdekkande og Movia er stolt samarbeidspartnar i Nordfjord kommunane.