Varig tilrettelagd arbeid (VTA) 

Målet med tiltaket er at deltakarane skal få ta del i dei positive effektane som følgjer med eit fast og meiningsfylt arbeid. For å kunne ha ein varig tilrettelagd arbeidsplass må ein ha innvilga eller søkt uføretrygd.  

Arbeidsplassen kan vere internt i bedrifta vår (i produksjonsavdelingane) eller eksternt hos ordinære arbeidsgjevarar.  

Ein VTA-plass kan ein ha til ein fyller 67 år.  

Ved overgang frå uføretrygd til alderspensjon ved fylte 67 år opphøyr retten til deltaking i VTA-tiltaket.   

Som eit utvida tilbod er likevel Movia Utvikling AS og Gloppen kommune samde om å legge til rette for eit arbeidstilbod for personar som ved oppnådd aldersgrense ikkje lenger kan nytte VTA-tiltaket.  Tildeling av eit slikt tilbod vert gjort etter ei individuell,-  og heilskapleg vurdering.  Det er kommunen som i samråd med Movia gjer vedtak om tildeling av plass. Øvre aldersgrense er 70 år.