VI TILBYR ARBEID TIL MENNESKER SOM AV ULIKE ORSAKER TRENG TILPASSA ARBEID I EIN PERIODE. VED Å HA DEG SOM KUNDE, BIDREG DU TIL AT DETTE TILBODET VERT OPPRETTHOLDT OG AT MENNESKA FÅR EI MENINGSFYLT ARBEIDSKVARDAG SÅ LENGE DEI HAR BEHOV FOR DET.
 

Produksjon

Vaskeriet til Movia er eit industrivaskeri med kapasitet på ca 700 tonn tøy pr år. I hovudsak leverar vi vaskeritenester til helseinstitusjonar, hotell og lokale privat- og bedriftskundar. Vi har ein ny og moderne maskinpark med store og mindre vaskemaskiner, vaskerør, rullebane for sengetøy, dukrulle og tørkebane for uniformar. Siste åra har vaskeriet auka kapasiteten betydeleg og nytt utstyr har fjerna mange manuelle og tunge oppgåver. Omtrent 25 personar har sitt arbeid på vaskeriet, dei fleste med mange år i bedrifta.

 
Kundar

Vaskeriet har to lastebilar som køyrer faste ruter i store delar av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vi leverar i dag vaskeritenester til eit sjukehus, og alle omsorgssenter, heimetenester og legekontor i 11 kommunar. I tillegg er vi leverandør av vaskeriteneste til mange tannklinikkar.

Vaskeriet leverar og vaskeritenester til fleire mindre hotell, campingplassar og gjestegardar.

Vaskeriet skiftar kvar veke ut matter og moppar til mange bedrifter og skular/barnehagar i Gloppen. I tillegg vaskar ein uniformar og kjeldressar til fleire bedriftskundar.

Mange private kundar leverar inn dukar til vask og rulling. I tillegg vaskar og tørkar vi fiberdyner og fiberputer, gardiner og sengetøy for private kundar til fornuftige prisar.
 

Kvalitet og miljø

Movia sitt vaskeri er medlem av Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn som er med å kontrollere og sikre at vaskeriet til ein kvar tid følgjer gjeldande bransjestandard.

Movia sitt vaskeri er godkjend etter to ulike bransjestandardar. Både for handtering av tekstil til helseinstitusjonar og handtering av næringsmiddeltøy. Movia har karakteren A+ etter revisjon av begge desse standardane. Movia sitt vaskeri har fått diplom for eksemplarisk utførelse av bransjekrava kvart år sidan 2019. Ei handfull vaskeri får denne utmerkinga årleg.

Movia er ei miljøfyrtårnbedrift. Dette inneberer eit systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Miljøfyrtårn har eigne krav for vaskeri om energiforbruk, innkjøp, avfall og miljøvennlig drift samt godt arbeidsmiljø. Movia har eige personell og system for reparasjon av tøy. Dersom tøy ikkje kan reparerast vert det nytta til andre formål gjennom samarbeid med hjelpeorganisasjonar og liknande, eller seld som filler til verkstadbedrifter.

Movia er medlem av Grønt Punkt som er med å sikre at både vi og våre leverandørar har gode samfunnsøkonomisk og miljømessige returordningar av emballasje og plast.

 

Produkt og tenester til utleige

Sengetøy og handdukar
Dukar (handbretta)
Serviettar (handbretta)
Moppar og klutar
Matter

Vask og rulling av dukar for privatkundar
Vask av fiberdyner og fiberputer

 

Samarbeidspartnarar

Vevang Produksjon
Indre Sogn ASVO

Kontakt oss på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.